HbA1c – Måling av langtidsblodsukkerverdi
Det blir anbefalt å ta blodprøve for måling av langtidsblodsukkerverdi (HbA1c) dersom du:
- har hatt svangerskapsdiabetes i tidlegare svangerskap
- har foreldre med diabetes
- har etnisk bakgrunn frå land utanfor Europa
- har BMI/kroppsmasseindeks over 30
Blodprøva bør helst takast før svangerskapsveke 16. Dersom resultatet viser forhøgde verdiar, anbefaler vi at du begynner med eigamåling av blodsukkerverdiane. Du vil få opplæring i eigamåling og dessutan råd om kosthald og fysisk aktivitet. Fastlege eller jordmor med ansvar for svangerskapskontrollane dine vil legge ein plan for vidare oppfølging og informere deg om den.
Dersom langtidsblodsukkerverdiane frå blodprøva var forhøgde, treng du ikkje å ta glukosebelastningstest.
Glukosebelastningstest
Ein glukose- eller sukkerbelastningstest viser evna kroppen har til å regulere blodsukkernivået. Undersøkinga blir brukt til å stille diagnosen diabetes.
Glukosebelastningstest blir anbefalt i veke 24 – 26 for:
- førstegongsfødande over 25 år
- fleirgongfødande over 40 år
- kvinner med BMI over 25 ved begynninga av svangerskapet
- kvinner med foreldre som har diabetes
- kvinner som har hatt svangerskapsdiabetes i tidlegare svangerskap
- kvinner som har etnisk bakgrunn utanfor Europa
Dersom testen er normal treng du ikkje å ta glukosebelastningstest igjen, sjølv om det er sukker i urinprøvene dine seinare i svangerskapet.
Hvis du har en kostregulert diabetes kan du både kontrolleres og føde ved ditt lokalsykehus. Dersom du må bruke medisiner (insulin/metformin) vil kontrollene kunne skje hos spesialist ved ditt lokalsykehus, mens fødselen planlegges til Kvinneklinikken i Tromsø.