Vi måler høgda og vekta di før undersøkinga.
Nødvendige førebuingar
For at testen skal gi riktigast mogleg resultat er det viktig at du gjer nokre førebuingar:
- Unngå å ete eit større måltid den siste timen før undersøkinga
 - Unngå å bruke tobakk undersøkingsdagen
 - Ikkje anstreng deg den siste timen før undersøkinga
 
Inhalasjonsmedisin
- Om mogleg, bør du unngå å ta luftvegsopnande inhalasjonsmedisin 6–48 timar før undersøkinga, avhengig av type inhalasjonsmedisin.
 - Dersom du kjenner deg dårleg, kan du likevel ta luftvegsopnande inhalasjonsmedisinar. I så fall er det viktig at du noterer ned tidspunktet du tok medisinen.
 - Om du bruker inhalasjonssteroid, kan du ta dei som vanleg, med mindre du har fått beskjed om noko anna.
 
Andre medisinar
- Alle andre faste medisinar skal du ta som vanleg.
 - Nokre medisinar kan påverke resultatet av pusteprøva. Derfor bør du alltid på førehand opplyse kva medisinar du bruker.
 
Du vil få informasjon om alt dette frå helsepersonell før undersøkinga.


