Når du får diagnosen Parkinsons sjukdom vil nevrolog og eventuelt parkinsonsjukepleiar følge deg opp. Kor ofte du treng kontroll på sjukehuset varierer i ulike fasar av sjukdommen. Mange har stabil funksjon i fleire år og treng færre kontrollar, mens behovet kan auke i seinare fasar.
Har du avansert behandling, kan du som regel kontakte parkinsonsjukepleiar eller nevrologisk poliklinikk ved utfordringar knytte til denne.
Digitale løysingar for jamleg oppfølging og vurdering av behov for kontroll er allereie tatt i bruk nokre stader og vil bli meir vanleg framover.
Tverrfagleg oppfølging
I tillegg til lege og sjukepleiar kan fleire andre fagpersonar vere viktige i oppfølginga. Dette kan blant anna vere fysioterapeut, ergoterapeut og logoped. Mange av desse har gjennomført kurs og opplæring på Parkinsons sjukdom gjennom ParkinsonNet. På parkinsonnet.no kan du finne fagpersonar i nærleiken av der du bur og korleis du kontaktar dei.
ParkinsonNet (helse-stavanger.no)
Parkinsons sjukdom
Parkinsons sjukdom er ein kronisk nevrologisk sjukdom som blir kjenneteikna av at hjerneceller som produserer dopamin i eit lite og avgrensa område i hjernestammen gradvis blir øydelagd. Dette fører blant anna til trege rørsler, stive musklar og skjelving.
Årsak
Årsaka til sjukdommen er ikkje nøyaktig kjent, men sannsynlegvis handlar det om ei medfødd sårbarheit og miljøfaktorar. Sjukdommen debuterer oftast etter 50 år og rammar menn noko oftare enn kvinner. Det finst ingen kur for sjukdommen, men ulike medikamentelle og ikkje-medikamentelle tiltak for å lindre symptom.
Symptom
Motoriske symptom
- Skjelving av for eksempel ei hand i kvile.
Kombinasjonen av desse symptoma blir kalla parkinsonisme.
Ikkje-motoriske symptom
- Psykiske og kognitive symptom.
Tilvising og vurdering
Ved mistanke om Parkinsons sjukdom kan fastlege vise til nevrolog.
Utgreiing
Det finst ikkje ei enkelt test eller blodprøve som kan bekrefte at du har Parkinsons sjukdom. Diagnosen blir stilt på bakgrunn av symptom og funn ved undersøking hos nevrolog, og ved å vurdere om legemiddel med dopaminverknad på hjernen lindrar dei motoriske symptoma. Det er dei motoriske symptoma som gir grunnlaget for diagnosen.
Der er vanleg å ta MR eller CT av hovudet, først og fremst for å utelukke andre årsaker til symptoma. Somme gonger kan det vere behov for andre bildeundersøkingar av hjernen.
Har du fått diagnosen Parkinsons sjukdom vil du automatisk bli inkludert i Norsk Parkinsonregister og biobank.
’
Behandling
Det finst inga behandling som kan bremse eller kurere sjukdommen. Behandling kan dempe symptoma og betre livskvaliteten.
Behandling av motoriske symptom
I tidleg fase av sjukdommen er det vanleg å gi medikament som fører til auka dopaminverknad i hjernen. Dei kan hjelpe mot langsame rørsler, stivleik og skjelvingar.
I seinare fasar av sjukdommen kan symptoma svinge mykje i løpet av ein dag. Da kan det bli aktuelt med såkalla «avansert behandling» i form av:
- Pumpebehandling med kontinuerleg tilførsel av medisin i flytande form via eit hol gjennom huda og inn til magesekken (PEG) eller via ei tynn nål som blir stukken gjennom huda.
- Kirurgi med djup hjernestimulering, der to elektrodar blir opererte inn i hjernen og kopla til ein pacemaker på brystet. Dei fleste som får djup hjernestimuleringa vil ha oppladbart batteri, men enkelte vil ha eit batteri som må skiftast ut etter nokre år.
Djup hjernestimulering for rørsleforstyrringar - kirurgisk inngrep
Djup hjernestimulering for rørsleforstyrringar - skifte av pulsgenerator (batteri)
Behandling av ikkje-motoriske symptom
Det varierer frå person til person kva ikkje-motoriske symptom ein vil få og til kva tid. Behandlinga vil rette seg inn mot dei ulike plagene og kan bestå både av medisinar, ikkje-medikamentelle tiltak og grundig informasjon og støtte.
Oppfølging
Når du får diagnosen Parkinsons sjukdom vil nevrolog og eventuelt parkinsonsjukepleiar følge deg opp. Kor ofte du treng kontroll på sjukehuset varierer i ulike fasar av sjukdommen. Mange har stabil funksjon i fleire år og treng færre kontrollar, mens behovet kan auke i seinare fasar.
Har du avansert behandling, kan du som regel kontakte parkinsonsjukepleiar eller nevrologisk poliklinikk ved utfordringar knytte til denne.
Digitale løysingar for jamleg oppfølging og vurdering av behov for kontroll er allereie tatt i bruk nokre stader og vil bli meir vanleg framover.
Tverrfagleg oppfølging
I tillegg til lege og sjukepleiar kan fleire andre fagpersonar vere viktige i oppfølginga. Dette kan blant anna vere fysioterapeut, ergoterapeut og logoped. Mange av desse har gjennomført kurs og opplæring på Parkinsons sjukdom gjennom ParkinsonNet. På parkinsonnet.no kan du finne fagpersonar i nærleiken av der du bur og korleis du kontaktar dei.
ParkinsonNet (helse-stavanger.no)
Det finst også rehabiliteringsinstitusjonar som er spesialiserte på Parkinsons sjukdom. Mange kan ha god nytte av eit rehabiliteringsopphald i ulike fasar av sjukdommen. Tilvising får du gjennom nevrolog eller fastlege.