Utgreiing og diagnostisering av autisme skjer oftast poliklinisk. Føresette vil få eit program med tidspunkt dei skal møte med og utan barnet på poliklinikken. Delar av utgreiinga skjer ofte i det vante miljøet til barnet, for eksempel i barnehagen. Dette vil det eventuelt informerast om i forkant.
Dersom det ikkje er gjort ei barnepsykiatrisk undersøking tidlegare vil barnet få det hos oss på poliklinikken. Denne legeundersøkinga krev ingen førebuingar. Det blir ikkje tatt blodprøver eller andre ting som kan vere ubehagelege eller smertefulle. Om det trengst blodprøver eller liknande vil det bli sendt rekvisisjon på det i etterkant.
Observasjonar, samhandling og samtalar med barnet skjer i eit eige rom på poliklinikken som er utforma til nettopp dette. Barnet vil få oppgåver som vanlegvis ikkje blir oppfatta som vanskelege, og kan minne om både leik og skoleoppgåver. Føresette er alltid med inn i utgreiingsrommet saman med dei minste barna. Denne delen av undersøkinga tar vanlegvis éin time.
Behandling og oppfølging varierer ut frå behovet til barnet. Spesialisthelsetenesta kan gi direkte behandling og rettleiing til barn og føresette. Spesialisthelsetenesta skal også hjelpe dei lokale hjelpetenestene rundt barnet med rettleiing og opplæring slik at dei blir kompetente til å gi den hjelp og støtte barnet har behov for.
Førskolebarn med diagnosen barneautisme blir følgt opp frå spesialisthelsetenesta i heile barnehagetida og i tida rundt skolestart om det er behov for det. Spesialistar på sitt felt rettleier for eksempel barnehage, PPT og andre som skal hjelpe barnet lokalt.
Behovet for oppfølging frå spesialisthelsetenesta varierer mykje. I nokre situasjonar har barnet/familien og hjelparane rundt barnet behov for nokre få rettleiingstimar for å få hjelp til konkrete problemstillingar knytte til autismetilstanden. I andre tilfelle kan hjelpebehovet strekke seg over månader og år.