Ta kontakt med fastlegen din før biopsien dersom
- du bruker blodfortynnande medisinar
- du har ein sjukdom som inneber auka risiko for bløding
- du er allergisk mot lokalbedøving
For å redusere risikoen for bløding må du vanlegvis slutte å bruke blodplatehemmarar (til dømes Albyl E eller Plavix) i inntil 10 dagar før vi tek biopsien. Du må også kutte bruken av Marevan og nye blodfortynnande medisinar, som til dømes Eliquis, Xarelto og Pradaxa.
Ta kontakt med kvar enkelt avdeling som skal utføre inngrepet for å få nærare informasjon om kor lenge før inngrepet du skal stoppe å ta desse medikamenta.
Dersom du ikkje har fått beskjed om noko anna treng du ikkje å faste før inngrepet og du kan ete frukost same dag. Vi tilrår at du ikkje køyrer bil sjølv til og frå sjukehuset denne dagen, men at du ordnar annan transport.
Sjølve prøvetakinga tek omtrent éin time. Ein sjukepleiar gir deg råd om korleis du skal liggje. Vanlegvis ligg du på ein benk på ryggen eller på magen.