FNAIT førekjem sjeldan, og per i dag blir ikkje gravide screena for å finne ut om dei har risiko for å føde barn med denne tilstanden. Diagnosen FNAIT blir derfor vanlegvis stilt etter fødselen.
Legane kan mistenke FNAIT dersom babyen har:
- utslett som kjem av hudblødingar (petekkier og ekkymoser)
- andre blødingar
- lågt blodplatetal i blodprøve
Diagnosen blir bekrefta med blodprøver frå mor, far og babyen. Nasjonal behandlingsteneste ved UNN samanliknar blodplatetypane, og ser etter antistoff som bind seg til blodplatene til babyen.
Gravide med kjend risiko for å få baby med FNAIT blir følgde ekstra opp i svangerskapet. Dette gjeld:
- Gravide som tidlegare har fått baby med FNAIT
- Gravide som kjenner til at dei har ein uvanleg blodplatetype (HPA-1bb), for eksempel fordi dei er blodgivarar eller fordi dei har ein nær slektning som har fødd barn med FNAIT
For gravide med risiko for å føde barn med FNAIT anbefaler ein i Noreg ekstra blodprøver av den gravide i svangerskapsveke 20–23 og 34, og 6 veker etter fødselen. Laboratoriet vil da undersøke om det finst antistoff mot blodplater (anti-HPA antistoff) i blodet til mora. Dersom den gravide har slike anti-HPA antistoff, blir antistoffnivået målt hyppigare og den gravide får tilbod om undersøking på kvinneklinikk/fødeeining. Ved denne kontrollen blir ultralydundersøking gjord og vanleg (klinisk) svangerskapsundersøking.

