Innleggingsdagen eller dagen ved preoperativ poliklinikk
Du kan ta med ein pårørande når du får informasjon.
- Legen orienterer om behandlinga under opphaldet.
- Sjukepleiar gir deg informasjon om førebuingane til operasjonen, og førebur deg på tida etterpå. Sjukepleiaren spør om ting knytte til ernæring, aktivitet og vannlating/fordøying. Formålet er å vite om vi må ta spesielle omsyn under opphaldet.
- Kirurgen informerer om sjølve inngrepet og korleis situasjonen er vurdert før operasjonen.
- Anestesilegen informerer om bedøvinga. Ta gjerne opp erfaringane dine frå eventuelle tidlegare operasjonar.
Prøvar og undersøkingar
- Blodprøvar
- Vekt og høgd
- Lungerøntgen. Blir teke dersom nødvendig. Ein portør kjem då innom avdelinga og følgjer deg til røntgenavdelinga.
- EKG/Hjerterytmeprøve. Blir teken dersom det er nødvendig. Prøven blir teken på avdelinga.
- Urinprøve. Blir teken om det er symptom på urinvegsinfeksjon.
Førebuingar kvelden før operasjonen
- Dusj og hårvask. Det er ikkje nødvendig å bruke noka spesiell såpe. Ta på rein nattskjorte/pyjamas etterpå.
Faste
Før operasjonen/undersøkinga må du faste. Dersom du ikkje møter fastande, kan det hende vi må avlyse/utsetje timen.
De siste 6 timane før operasjon/undersøking skal du ikkje ete mat eller drikke mjølk/mjølkeprodukt. De siste 2 timane skal du unngå tyggegummi, drops, snus og røyk. Frem til 2 timer før kan du drikke klare væsker: Vatn, saft, juice utan fruktkjøt, brus, te og kaffi utan mjølk. Du kan svelge medisinar med eit lite glas vatn inntil 1 time før, og pusse tenner og skylje munnen når som helst.
Mat og mjølk/mjølkeprodukt: Skal stoppast 6 timer før
Klare væsker, tyggegummi, drops, røyk og snus: Skal stoppast 2 timer før
Dersom du likevel har ete eller drukke utanom de tidene som står her må personalet få vite det. Før enkelte inngrep skal du drikke ein bestemt mengde næringsdrikk. Strengare regler kan vere naudsynt for nokon. Det får du i så fall beskjed om.